Pages Navigation Menu

INTERVJU MED SIGMUND GROVEN

INTERVJU MED SIGMUND GROVEN

Velkommen til Bygdaliv i sommer. Hvor befinner du deg
nå Sigmund?

–Takk for det! Nå er eg i Gøteborg, er solist på tokonsertar med Gøteborg Wind Orchestra, og er dessutanmed på ei CD-innspeling med den svenske komponistenog visesongaren Martin Bagge.

Reiser du mye rundt og spiller? Hvor mange konserter
har du i løpet av ett år?

–Ja, det er meir enn nok å gjere,hausten i fjor var ein av dei travlaste eg har hatt, med toturnéar i Asia, to urframføringar, ny CD og to turnéar i Norge. Eg har vanlegvis rundt 60 konsertar pr. år.

Du har en tidligere elev fra Haltdalen som du skal spille
sammen med. Har du vært i Haltdalen før?

–For mange år sidan hadde Ketil Bjørnstad og eg konsert i Ålen samfunnshus,men eg har aldri spela i Haltdalen, så det blir hyggeleg å besøkje heimbygda til Tore.

Hvordan var Tore som elev?

–Tore er den beste elev eg har hatt: talentfull og gjennom musikalsk, og alltid godt førebudd!


Øver du fortsatt mye, eller begynner det meste å gå på
rutine nå?

–Ja, det er viktig å øve bevisst og konsentrert for å halde teknikken ved like, og dessutan øver eg stadig inn nytt repertoar. Den dagen det byrjar å gå på rutine, bør eg pakke saman.

Hvorfor valgte du munnspill?

–Eg høyrde ei fabelaktig innspeling med Tommy Reilly på radioen da eg var 9 år,og dermed var det gjort!


Hvor mange plater har du spilt inn?

–Det spørs litt på korleis du reknar, men det ligg vel på rundt 25 eigne produksjonar.I tillegg har eg vori med som studiomusiker på nokre hundre innspelingar med andre artistar.

Er det flere plateinnspillinger på gang?

–Den nyaste CDen ”Classical Harmonica” kom ut like før jul i fjor. Der spelar eg saman med Ivar Anton Waagaard. Vi spela inn meir enn det var plass til på CD-en, så vi er alt langt på veg til ein ny!

Du kommer jo hit til Haltdalen med pianist, Ivar Anton
Waagard. Hvor lenge har du spilt sammen med ham?

–Vi har spela saman sidan 1986 (!) Han er den beste samarbeidspartner eg kunne ynskje meg, allsidig og dyktig – og
hyggeleg reisefølgje på lange turnéar.

Vi fikk veldig mye skryt for akustikken i kirka i fjor når
Arve Tellefsen og Kåre Nordstoga spilte her. Spiller du
ofte i kirker?

-Ja, det gjer eg. Kyrkjerom er ofte veleigna til konsertar; dei gjev ei fin ramme om ein konsert med ro, konsentrasjon og ein åndeleg dimensjon – og ofte bra akustikk. Eg har i mange år hatt eit nært samarbeid med to av våre fremste organistar, Iver Kleive og Kåre Nordstoga– som forresten er telemarkingar begge to.

Du har jo fått mange priser og utmerkelser opp gjennom
årene, men æresborger i Texas, hva er historien bak det?

–Frå 1980-åra og utover hadde eg mange turnéar rundt i USA, også i Texas, både Houston og Dallas og andre stader,
bl.a. saman med Erik Bye. Munnspelet har ein viktig plass i amerikansk musikk, både blues og country-musikk, men
det er ikkje så ofte å høre det i meir klassisk samanheng. Da eg var invitert til å vere solist med symfoniorkestret
i Dallas tidleg på 90-talet, kom sanneleg borgarmeisteren etter konserten og utnemnde meg til æresborgar, eg fekk
til og med overrekt ein ekte kvit stor cowboy-hatt av same slag som JR i såpeserien Dallas!

Du er jo kjent for mange fine sanger, og kanskje spesielt
”Reodor’s ballade” fra animasjonsfilmen Flåklypa.
Hvordan gikk man fram for å ” time” dukkene og musikken?

–Ivo Caprino var perfeksjonist, og la vinn på at Reodor skulle framstå som ein dyktig munnspelar. Mange trur at
det er eg som spelar i filmen, men det er faktisk min læremeister,Tommy Reilly. Eg var med han i Caprinos studio
på Snarøya utanfor Oslo, og Ivo studerte nøye detaljane i Tommys speleteknikk for at alt skulle sjå korrekt og truverdig
ut når Reodor spela sitt vemodige tema. 

Bygdaliv ser frem til nok en konsert med en stor musiker.
Velkommen til Haltdalen!

Sigmund Groven, foto Ranveig Holden Bøe  Tusen takk, eg ser fram til det!

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *